SMÅHUS OG FRITIDSHUS

Byggekostnadene har auka mykje i det siste, men kan vi likevel få til noko bra med vårt budsjett ? Er det dyrare å bruke arkitekt enn å velge frå ferdighuskatalogen ? Moderne og minimalistisk eller tradisjonelt og tilpassa ?  Er tomta trang og bratt, dårleg tilkomst, vanskelege solforhold eller problem med innsyn ?  Står du fast i lovverket, er huset bevaringsverdig eller lurer du på korleis du kan velge energi- og miljøvennleg ? Passiv-hus eller pluss-hus ?  Mikro-hus eller generasjons-hus eller noko mellom ? Lurer du på om du kan få plass til eit hus til i hagen ? Er du usikker på mangt og mykje - men likevel ynskjer litt “wow”-faktor ?

Spørsmåla og utfordringane kan vere mange – vår spesialitet er å finne dei funksjonelle og fine løysingane som passar deg.