Hovsmarki terrasse

Tiltakshavar : Sogn Samvirkelag avdeling Nordbohus

Adresse : Sogndal

Type bygg : Terrassehus

Areal : 5.300 m2

Status : Ferdigstilling 1999

Tomta var bratt og økonomisk utfordrande, men plassen var fin med gode solforhold, fin utsikt og kort gåavstand til sentrum.  Byggherren ønska terrasseleilegheiter og det vart utarbeidd eit forslag med 26 leilegheiter fordelt på tre bygningskroppar, alle med heis og underjordisk parkering.  To av bygningskroppane hang saman men vridd litt frå kvarandre med plass imellom til inngangsparti og trappehus.   Dette gjorde at vi kunne få dagslys til eit trafikkområde som ofte elles i leilegheitskompleks ligg mørkt.   Prosjektet var planlagt for to byggetrinn med 14 + 12 leilegheiter.   Hovsmarki terrasse var det første store leilegheitskomplekset i Sogndal, pågangen var stor og alle leilegheitene vart selt og bygd under eitt.