KULTURHUS OG OFFENTLEGE BYGG

Vi har utført ei lang rekke solide og spennande prosjekt for kommunar, fylkeskommune og statlege etatar. Høg arkitektonisk kvalitet med god areal- og kostnadseffektivitet og stor bruksverdi står sentralt. Vårt mål er å bidra til høg livskvalitet og gi attraktive, funksjonelle og universelt utforma bygg. Bygningen og uterommet skal vere i samspel med tettstaden og landskapet. Arkitekturen skal ha identitet men samstundes kunne bere tradisjon og nyskaping vidare. 
 

Ein offentleg tiltakshavar kan sette spesielle krav – vår spesialitet er å omsette krava i overbevisande løysingar.