Norsk reiselivsmuseum

Tiltakshavar : Stiftinga Vestnorsk Reiselivsmuseum

Adresse : Balestrand

Type bygg : Museum

Areal : 1.600 m2

Status : Forprosjekt 1995

Fjorden var lenge forutsetnaden for reiselivet, og lokaliseringa ved småbåthamna i sentrum av Balestrand med dei pittoreske og verdskjende Esefjella i bakgrunnen var ei perfekt ramme for museet.  Bygningen var planlagt på ei fylling mot nord for å optimalisere utsynet mot Esefjella men òg slik at parken og småbåthamna i minst mogeleg grad skulle bli rørd.  Reiseliv er for mange synonymt med ei reise i fjordbygdene på Vestlandet, og vi freista å gjentolke noko av det karakteristiske ved dette : museumsbygningen skulle på same tid vere ei stilisering av ein båt og ei husklynge.  Innomhus skapte vi eit differensiert og spenningsfylt romforløp der ein reiser frå stad til stad : ei oppdagingsreise på gangbruer der utstillingsmiljø, arkitekturen og naturen utanfor smeltar saman.