Høyanger omsorgssenter

Tiltakshavar : Høyanger kommune

Adresse : Høyanger

Type bygg : Omsorgsleilegheiter

Areal : 3.574 m2

Ferdigstilt : Første gang 1999, gjenreist etter brann i 2009.

Utforma med vekt på å lage eit hyggeleg bumiljø for brukarane av omsorgsleilegheitene.  Hovudinngangen vart vendt mot eit lite grønt-/ parkområde og med kort gåavstand til sentrum.   Prosjektet hadde 26 leilegheiter med eigne private balkongar, fysikalsk avdeling, kontor for heimebaserte tenester og parkeringskjellar med plass til 30 bilar.  4 av husværa vart gjort større for å kunne betjene bebuarar med trong for meir omfattande pleie.  Bygget hadde heis med 3 etasjar pluss underjordisk p-anlegg.  Det var gangbru i 3. etasje over til helsesenteret der bebuarane mellom anna kunne nytte bu- og treningssenter og kantine.  Prosjektet fekk omfattande brann- og vasskader 4. januar 2009 men vart gjenreist i same form som i 1999.

Frå brannen (4.01.2009)