Samfunnshuset Tangen

Tiltakshavar : Årdal kommune

Adresse : Årdalstangen

Type bygg : Ombygging og tilbygg av samfunnshus

Areal : 2.700 m2

Status : Tredje og siste byggetrinn ferdigstilt i 2012

Prosjektet bestod av ein kontordel og ein kulturdel.  Kontordelen romma kontor for Indre Sogn sparebank, NAV, barnevern, eldreomsorg, spesialomsorg og ny hovudinngang til rådhuset.  Kulturdelen bestod av eit kinolokale, foyer, festsal, eldresenter og eit kurs/ konferanselokale.  Samfunnshuset vart innvendig fullstendig transformert.  Samfunnshuset vart opprinneleg teikna av arkitektane Kjell og Ulf Colbiørnsen og bygd i 1966.  Vi valte å behalde mest mogeleg av dette tidstypiske eksteriøret.  Byggeprosessen vart gjennomført i tre sjølvstendige byggetrinn.  I siste byggetrinn vart rådhuset og samfunnshuset samanbygd med eit tilbygg som danna ny hovudinngang til heile komplekset.  Inngangen fekk ein diskré plassering mellom huskroppane men framstår likevel med eit naturleg, monumentalt uttrykk mot rådhusplassen.