Leitetunet

Tiltakshavar : Vestlandshus Sogn AS

Adresse : Sogndal

Type bygg : Rekkehus

Areal : 1.850 m2 eks carportar

Status : Ferdigstilling 2005

Målet med prosjektet var å utnytte tomta på 3,5 daa maksimalt med ein tett-låg byggestruktur.  Vi klarte å få inn 21 småleilegheiter i rekkehusløysing med varierande storleikar.  Det var nytta svært arealeffektive planløysingar med ein modul på 5,4 meter og tre etasjar.  Alle krav i reguleringsplanen inklusiv heile 58 p-plassar og felles leikeareal vart infridde på denne vesle tomta.  Rekkehusområdet var svært populært då det kom.