Meditasjonshus

Tiltakshavar : Vesterland Feriepark AS

Adresse : Kaupanger

Type bygg : Velverehus

Areal : 60 m2

Status : Ferdigstilt i 1998

Tomta var valt ut fordi den låg isolert og utan nabobygg tett ved.  Huset har ei symbolsk grunnform med utgangspunkt i ein galakse eller ein spiral - som trekker ein innover; ein løkprega utforming med lag på lag innover mot sentralrommet.  På første stadium går ein gjennom ein reinseprosess med dusj, sauna og boblebad.  Det innerste rommet er meir innadvendt og tilrettelagt for reinsing på det indre plan med avslapping, ettertanke og meditasjon.  Veggene vart kledd med ståande panel og opprinneleg innsett med jernvitreol.