Saften
Tiltakshavar : Saften AS
Adresse : Leikanger
Type bygg : Fleirbruksbygg
Areal : 4.500 m2 (ekskl kulturhusdel og idrettshall)
Status : Ferdigstilt 2010
Ombygging av ein stor produksjonsbedrift til kontor, butikksenter, fellesareal, kultur- og idrettsdel m.m. Transformasjon med utgangspunkt i ein samansett struktur med tidlegare ombygde, tilbygde og eksisterande bygningsdeler til å bli eit meir heilskapleg formspråk, med knappe takutstikk og tilpassa materialbruk. Dei store glasfasadane var tenkt uendra, likeeins tårnet som skulle vere kjennemerket for bygget.