Stedjevegen Næringsområde

Tiltakshavar : Einarsen Eigedom AS

Adresse : Stedjevegen 37, Sogndal

Type bygg : Bustad/ forretning/ kontor

Areal : ca 20.000 m2 inkl eksisterande

Status : Arbeid med detaljregulering pågår

Sjøkanten og Stedjevegen Næringsområde - tilsaman Sjøkanten Handelspark - er under utvikling og blir etter utbygging eit miljømessig og berekraftig sentrumsområde.  Sogndal sentrum har fleire plassar som kan og bør fortettast med leilegheiter, kontorarbeidsplassar og forretningsareal som naturleg høyrer heime i eit kompakt regionsenter.  Sjøkanten Handelspark blir eit supplement til Sogningen butikksenter, og med ei, forhåpentlegvis snart, ny gangbru over elva vil også "gamle sentrum" kunne bli revitalisert.

Prosjektet er tenkt realisert i fleire byggetrinn.  Shell-bygget tenkt rive, og i første etasje er det m.a. planlagt ny Shell-stasjon, ny REMA 1000 butikk og overdekka p-plass.  I andre etasje er det planlagt café, kontor og diverse store kjende kjedebutikkar.  I etasjane over er det planlagt kontorarbeidsplassar og leilegheiter med fin fjordutsikt og gjennomgåande dagslys.   På taket over forretningsareala, tilbaketrekt frå trafikken, er det planlagt moderne "townhouse" med gode solforhold og felles leike- og grøntareal.  På Sjøkanten er butikkareala i andre etasje gjort meir attraktivt, og fasaden på sjøsida blir forbetra med nye spennande leilegheiter med mesaninetasje og takterrasse.

Plan 1-7