Ulvahaugen Øvre

 

Tiltakshavar : Å & Ø Utvikling AS

Type bygg : Leilegheitsbygg i to byggetrinn, A og B - 37 og 18 leilegheiter

Areal : 7.750 m2

Status : Byggestart november 2016

Målsettinga er høg utnytting på ei utfordrande men attraktiv sentrumstomt.  Tomta er karakterisert av eit platå med skrentar mot sør og vest.  Mot vest er det eit fritt og fint drag mot Sogndalsdalen, og mot aust fin utsikt mot Fjøra og fjorden.  Løysinga er å bruke platået som eit parkmessig opparbeida inngangstun og heller bygge på dei bratte partia.  Frå inngangstunet som blir lunt, solrikt og intimt, framstår bygningane med ein beskjeden høgde.  Alle leilegheitene får moderne utforming med store, solrike og skjerma balkongar og underjordisk p-anlegg med heis.  Det er vektlagt ein rasjonell byggestruktur og med høg materialkvalitet.