Vågsøyskular

Tiltakshavar : Vågsøy kommune

Adresse : Skram, Bryggja, Skavøypoll,  og Holvik

Type Bygg : Skular, tilbygg/ ombygginig

Areal : 380 m2 BTA, 320 m2 BTA, 280 m2 BTA og 117 m2 BTA + ombyggingsareal alle

Status : Ferdigstilling Skram, Bryggja og Holvik i 1997, Skavøypoll i 1999

Utløysande for prosjektet var Reform 97, men utgangspunktet for alle fire skulane var forskjellig.  Skram skule hadde liten og bratt tomt.  Tilbygget vart sett på søyler med leikeareal under, og undervisningsarealet vart knytta saman med resten av skulen i form av gangbruer og atriumsløysing i etasje over.  Bryggja skule var ein eldre bygning som trengte fullstendig oppgradering bygningsmessig og teknisk og med opprydding av ein rotete planløysing.  Skavøypoll skule låg utsatt til vêrmessig og leikeplassen og skulen var fysisk delt på to plan.  Tilbygget vart delvis bygd på søyler over "Lisjeplana" slik at reduksjon av "Storeplana" vart minimal, og skulen vart også fysisk kopla saman til ein heilskap.  Holvik skule var fire-delt og den minste skulen.  Her vart det i stor grad satsa på sambruksløysingar.